Sykkel, skinn og skoltar
"Easy Riders" i Florø

Laurdag vart Flors heimsøkt av MC-frelste frå heile Sør-Noreg  Eit trettitals tunge motorsyklar med sidevogn, og nesten femti førarar og passasjerar sette sitt preg på Strandgata. Og om kveld. Sessa MC-gjengen seg til «skoltebord> i BUL-hytta på Ramstalsheia.
Firdaposten,  Mandag 14. november 1994,  Av:  Jan Atle Stang  

Vi registrerer berre ein fjern dur. Etter få minuttar eit hel­vetes motorbrøl som kløyvde den dirrande varmen. Det vart kaos blant folk. Nokre gjømde seg i symjebassenget andre heiv seg i bi­len og køyrde det dei makta Ut av byen. Rotta Richard og Hells An­gels var på vitjing.

Slik skildra eit «vitne frå ein småby i Texas, USA, korleis han opplevde det når den frykta mo­torsykkel gjengen kom på besøk.

95 prosent er OK
Men slike traumar kan ikkje folk i F1orø skilte med når dei skal for­telje om sine laurdags opplevingar

  heller ikkje etter at ein MC­-gjeng var på bytur i helga.

— Vi blir nesten alltid assosiert med noko negativt, berre fordi vi kjører sykkel. Men ein må tenkje på at 95 prosent av dei som driv med dette er vaksne, hyggelige og rolege folk. Den siste fem prosen­ten øydelegg MC-ryktet, hevda ein flokk godt vaksne karar som har teke pause kring «parlamentsbor­det» på Kakebua. 

Nei, alt gjekk roleg cg sømeleg føre seg, sjølv om det var tendensar til trafikk-kaos då Firdapostens ut­sende skulle organisere eit «famili­ebilde> av dei tretti syklane midt i Standgata, midt på laurdagen, midt i rushtrafikken.

— Du far betale bota dersom purken kjem!, fekk journalisten klar melding om.

MC-flokken representerer klub­bar frå heile Sør-Noreg. Ein har dessutan teke turen heilt frå Tysk­land og ein annan frå Sverige for å vere med på dette eksklusive og et­ter kvart tradisjonsrike treffet som går under namnet «Firdafrost».  
MC-karavanen
forlet Florø med eit motorbrøl. Her ser vi dei i Trovikbakken


Olav Tveranger frå Florø leia MC-gjengen frå sin strøkne Harely Davidson

Skoltefest på Heia
— Dette er det åttande året på rad vi arrangerer dette treffet, og det er svært populært, seier treffleiar Olav Tverranger frå Florø.

Ein MC-kar frå Haugesund fortel at  han har vore med på «Firdafrost> over fleire år. og at det vert omtalt som eksklusivt over heile landet.

— Det er berre eit vist antall personar og syklar som får vere med, og det vert operert med personlege søknader. Rifta om plassen er stor og hard, opplyser han.

Karane kring bordet på Kakebua skryter uhemma av det gode mil­jøet i MC-flokken, og fortel at «alle» yrkesgrupper «driv med» sykkel.

— Her er alt frå protesemakarar til bønder, ja, det er forresten svært mange bønder som bar MC-dilla, seier ein av karane medan han ser stramt på naboen.

Det er også verd å nemne at det er stor aldersspreiing i gjengen. Den yngste er 12 år og den eldste er 63. Også jentene er med, sjølv om det vert vedgått at MC-miljøet er noko mannsdominert. Det er heller, ikkje langt mellom dei gode histo­riene i dette miljøet. Ein kar fortel om ei oppleving han hadde på Vi­kafjellet under turen til Florø:

— Eg stoppa sykkelen på Vika­fjeliet for å ete nista mi. Medan eg sat der i fred og ro kom eit Ammekransk ektepar bort til meg: — What are you doing here, spurdc dei. —

Kjører motorsykkel for faen ditt toskehaue, svara eg. Då gjekk dei.

Men alt er ikkje motorsykkel, heller ikkje for garva MC-folk.  Laurdagskvelden under «Firda­frost> er nemlig tradisjonelt avsett til fortæring av saue-hovud.

 


Florø MC Klubb 
34 år.
1996 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  13 februar 2010