Rocka Waterboys leverte varen

Det hjelp å vere berømt. Då kan vi bere over med at lyden på konserten var som gammal havregraut første halvtimen. Då dukka etterkvart både pianolyd og synth opp i eit hav av gitarriff og buldrande bass.
FIRDAPOSTEN 17.06.00  Av Arve Solbakken

Uansett, Mike Scott er ein karismatisk frontfigur og allereie ein legende som sjølve hjertet i Waterboys, og han piska systematisk publikum fram til stadig nye høgder på gamle gode hits. Samtidig testa Scott låtar frå det kommande albumet, og dersom det er representativt for musikken der, så kan Waterboys- fans trygt gå i butikken for å kvittere ut neste CD. Waterboys av i dag er først og fremst eit rock and roll band, utan dei markante folk- elementa dei først vart kjende med.

Det var på langt nær fullt i Samfunnshuset, så det kan nok hende at rockeklubben må flytte litt plusskroner frå dei andre arrangementa til Waterboys sin bankkonto. Men all honnør til gjengen i klubben som tok sats og fekk Waterboys til byen. Dette er kanskje den største musikalske happening som har funne stad på mange, mange år.


Mike Scott


Florø MC Klubb 
34 år.
1976 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010