MC-Centeret flyttar til Bergen
Kjenner seg knekt av skattar og byråkrati

FØRDE: Etter snart 16 år har Roy Valvik fått nok av stadig høgare skattar og ein næringsfiendtleg kommune.  I Bergen er det ei heilt anna verd. Der lurer kommunen berre på kva godt dei kan gjere for oss, seier Roy Valvik.
Firda: 25. November 2000 HILDE GENBERG  Telefon 57833316  


NOK ER NOK: Å vere sjølvstendig næringsdrivande i Førde er for strevsamt. No sel eigar Roy Valvik 65 prosent av MC Centeret og flyttar alt til Bergen.  Foran f.v. Jan Egil Kristiansen, Lars Ove Rosenlid, bak f.v. Ørjan Hellevang og Roy Valvtk.

Med seg på flyttelasset har han tre tilsette. I byrjinga skal dei vekependle. 
— Så får vi sjå etter kvart kvar vi vil bu, seier Roy Valvik.

Det er motorverkstad og butikk Roy Valvik har lyst til å drive med, ikkje  streve med tungt byråkrati, stadig høgare skattar og mindre høve til avskriving.

Sel 65 prosent
— No vil eg bli vanleg tilsett, og sleppe den verste papirmølla. Derfor sel vi 65 prosent til importøren vår, Kolbjørnsen & Co, seier Roy Valvik.  Han blir tilsett som dagleg leiar og dei tre tilsette Jan Egil Kristiansen, Lars Ove Rosenlid og Ørjan Hellevang følgjer også med på lasset. Dei fire førdianarane eig 35 prosent av den nye butikken i Bergen.

Roy VaIlvik starta verksemda saman  med faren og bestefaren 1. mars 1985.

— Det er sjølvsagt trist a reise frå alt her, men vi må tilpasse 0ss.  

Ny kjede
MC Centeret går inn i ei ny kjede ”Ride” som i første omgang opnar motorsykkelbutikk og verkstad i Bergen, Oslo og Trondheim.

Roy Valvik reknar det sam heilt sikkert at Ride også vil etablere seg andre stader ganske snart. Innan to veker reknar Roy Valvik med a starte opphøyrssal, men han har ingen fristar å halde.

Bygget held han på, og vil leige det ut. Enno veit han ikkje sikkert nøyaktig kva for lokale i Bergen han skal flytte inn i.

- Vi har nokre litt større lokale i sikte, men har ikkje tatt avgjerd enno.

Roy Valvik presiserer at firmaet kjem til a halde alle avtaler dei hiar inngått med kundar i Førde. Alle sam nyttar MC Centeret til vinterlagring, vil få ha syklane sine i lokala på Øyrane i vinter.

Firda: 25. November 2000
HILDE GENBERG
hilde.genberg@firda.no
  
Telefon 57833316