”Norge Mitt Norge 2003”
"Trønderbyen Florø"

Firdaposten 29.09.2003,  Av: Olav Hatlemark

Bjørn Røstad på vellykka frieri med saksofonen. (Foto: Olav Hatlemark)

Namsos, heimbyen, Trondheim, trønderhovudstaden, og Florø er mine beste konsertstader, seier Åge Aleksandersen.

Det langvarige og sterke kjærleiksforholdet mellom rockefolket i Florø og nasjonalikonet Åge Aleksandersen er ikkje blitt mindre etter tilbake-til-røtene-konserten i Haavebua seint laurdag kveld.

– Den beste Aleksandersen-konserten i Florø nokon gong, hevdar kjennarane Tom Gjelsvik og Dag Magne Knapstad, som dessutan var arrangør.

Florø-kjærleik
– Eit fantastisk publikum, sa Åge sjølv til Firdaposten etter konserten. Han held fram at i hans store rockehjarte er det tre konsertstader i Norge som klart skil seg ut.

– Det er Namsos, heimbyen, Trondheim, trønderhovudstaden, og så er det Florø.

Her var det full guffe frå første akkord etter at Åge og gamlekompisane i Sambandet først starta litt forsiktig ut med obligatoriske og folkekjære "Lys og varme". I over to timar heldt dei det gåande i ein imponerande konsertmaraton. Godt gjort av ein gjeng musikarar som har drive på i over 30 år, og det på tampen av ein lang turné som har vore så populær at dei har måtta plussa på med ti ekstra konsertar.

Fridde
Publikum i Haavebua vagga, bølgja, dansa, klappa, smilte og song i tett stim så det nesten var uråd å få opp ei hand i området framfor den utvida scena i Haavebua. Og her song alle generasjonar av rockefolket med. Du fann ikkje eit menneskje som ikkje let seg rive med.

Her fridde publikumsyndling og Florø-venn Bjørn Røstad heilt usjenert med saksofonen sin til eit oppglødde publikum, så sjefen sjølv fekk litt avlasting og avstand til alle som ville ha eit blikk. Her var det tydeleg speleglede og ein gjeng gamle kompisar som var i gang.

Dei hadde laga scena litt ekstra stor for å nå nærare fram til publikum. Berre den tette kjeda av vakter ved scenekanten skapte litt avstand.

Retrett i mørke
Etter det obligatoriske ekstranummeret forsvann Aleksandersen ut i ein mørk avkrok, framleis sprek som ein tjueåring etter kraftprestasjonen på konsertpodiet, hoppa ut eit vindu, tok snarvegen gjennom kjøkkenet til Quality og berga seg trygt til litt ro og avreagering frå dei mange som ville ha tak i han etterpå. I eit langt kvarter sto publikum og klappa og ropte og ville ha han inn att til endå eit ekstranummer.

Florø-venner
Det heilt spesielle forholdet til byen Florø deler han med resten av Sambandet. Her fekk dei gode venner i perioden før dei verkeleg slo til, og hit kunne dei komme og ta ein spelejobb om dei trong pengar til å betale husleiga. Bortsett frå eitt eller to år har Åge Aleksandersen gjesta Florø kvart einaste år sidan sist på 1970-talet.

– Eg har kjent Dag Magne Knapstad og dei andre i rockeklubben heilt sidan den tida. Dei veit kva dei driv med og er veldig fine folk å jobbe med, rosar Aleksandersen.

Tom Gjelsvik, Åge-venn og -kjennar, bufast i Bergen, men med tette band til Florø, er ikkje i tvil.

– Dette er den beste konserten til Åge i Florø. Eg har ikkje sett han og Sambandet i betre slag nokon stad. Kanskje var den første utkonserten i musikkpaviljongen framfor 1500 tilskodarar like stor, seier Gjelsvik.. Sjøl har han vore på alle konsertane her, pluss alle Aleksandersen-konsertane i Bergensområdet dei siste 20 åra. Arrangør Dag Magne Knapstad deler kompis Gjelsvik si vurdering.

For mange inn?
– Dette er Åge Aleksandersen og Sambandet på sitt beste. Dei er tilbake til det gamle konseptet frå 1980-talet, med rå og ekte rock. Haavebua og Florø-publikummet var ei perfekt ramme. Knapstad trur sikkert at Aleksandersen har gjesta Florø nærare 25 gonger. Det blir nok heilt sikkert fleire etter denne konserten.

Haavebua verka smekkfull. – Var det forsvarleg å selje så mange billettar?

– Vi hadde faktisk løyve til å selje over hundre billettar til, men valde å stogge billettsalet før. Faktisk selde vi berre sju billettar ved døra før konserten. Eg må berre seie meg lei til dei mange som vi måtte avvise, svarer Dag Magne Knapstad for arrangørane Florø Rockeklubb, MC- klubben og Quality Hotel Florø.

Foto:
Åge Aleksandersen gjorde manns jobb i Florø.
Aleksandersen var ikkje heilt i slag før sjølve konserten, noko sliten etter ein lang biltur frå Bryne på Jæren. Men så snart dei var i gang i Florø var alt dette borte.

– Vi kjende kontakten med publikum frå første til siste song. Det var berre heilt fantastisk, gjentok Åge Aleksandersen.

 

Se og følgende aktuell Åge linker:

Sist han var her med Sambandet var det over 3500 personer på ute konserten på Florø Stadion


Florø MC Klubb 
40år.
1976 til 2016
 

Boks 272,  6901 Florø
E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no
, Facebook:

Sist oppdatert av © FMCK  29 april 2016