Bråka og brølte for eiga bane

FLORØ: Det brumma og brølte. Eit tjuetals ungar sleppte seg laus på lågt gir på motokross køyrety på Sørstrand laurdag. Slik kan det komme til å låte i nabolaga om dei ikkje får si eiga motocrossbane.
Firdaposten: 02.12.2004  Av, Olav Hatlemark
KAN BRÅKE: Dei er mange og kan lage mykje lyd, gjengen frå 5-13år, som er klare til å begynne med motokross i Florø. No ønskjer dei seg ei bane der dei ikkje sjenerer andre: 
Framme frå venstre Adrian Skånevik, Gunn Helene Fidjeland Alexander Fidjeland, Olgeir Eide Sundal, Robert Frøyen Høivik, Christian Gjertsen Kvellestad, Vebee, Anders Bo Sørensen og Erlend Bøe (på fire hjularen).
Neste rekkje, frå venstre: Ann Charlotte Kvellestad, Linn Kristine Kvellestad, Mathilde Bauge, Terje Havn, cross-sjef Aslak Holmen og Richard Eide Sundal. (Foto: Dag Magne Knapstad)
Dei gjorde ein enkel demonstrasjon for Firdaposten og indirekte for Flora kommune. Det kan bli mykje lyd både her og der, om ikkje kommunen kan hjelpe
Florø MC klubb med å finne ein avskjerma plass til ei bane for motokross.

Vanskeleg å sove
Var det nokon som prøvde å få seg ein ettermiddagslur på Sørstrand etter ei
lengre og heftig fredagsnatt, trur vi ikkje at dei hadde særleg sjanse til å få sove. Ungane køyrde rundt og rundt på grusvegane og litt inn i skogholtet. Utan eiga bane å avreagere på, vil nok mang ein hekta motokross entusiast lure seg til i eige nærmiljø, så det vil høyrest.

- Vi ønskjer også å vise at interessa er stor, seier Florøs variant av sjefen over alle sjefar, Aslak Holmen. Denne gongen hadde Aslaken bytta bort turndrakt, trommer og surfebrett med MC dress for å hjelpe til med å gje motor- og fartsglade barn og ungdom eit nytt og godt tilbod. Med seg på laget har han ein bra flokk foreldre. Dei stod parate i bakgrunnen. For til forskjell frå anna idrett, må barna som skal drive motokross alltid ha ein far med seg når dei trenar, eller litt meir sjeldan, ei mor som kan hjelpetil og forsikre om at poden eller jenta køyrer både balansert og fornuftig, sjølv om det skulle gå unna i svingane. Fleire av foreldra var også med på instruktørkurs i Eikefjord nyleg. Og skulle nokon vere i tvil om den meir varige nytten?

God trenging
- Motokross gjev god trening i balanse. Det krev god kondisjon og ungane får
god trening i å forstå trafikkbildet, forsikrar Holmen og Asle Skaanevik,
den siste er ivrig far og ein av dei andre kvalifiserte instruktørane i
Motokrossidretten til MC klubben

Dei har gitt opp forsøket med å få bruke eit område i Botnastranda til Motokross. Her blir leiga for dyr. I tillegg vil det koste eit par hundre tusen å opparbeide sjølve bana. Det blir for mykje, meiner Holmen. No har dei sendt ein ny søknad om eit muleg alternativ i Gunhildvågen Sør. Men skulle der vere andre alternativ godt skjerma frå busetnaden, men samstundes ikkje altfor langt frå sentrum, er dei framleis opne for det.

Olav Hatlemark  57757305
olav.hatlemark@firdaposten.no
Mer om knattecross
Ønsker dere å lese litt mer om knattecross, så anbefaler eg heimesiden http://www.knattecross.no Her finner dere alt fra regler til kjøretips.


Florø MC Klubb 
35 år.
1976 til 2011
 

Boks 272,  6901 Florø
E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no
, Facebook:

Sist oppdatert av © Linken  22 august 2011