Endeleg motocrossbane i Florø

Etter fleire år med papirarbeid og leiting etter eit passande område, kunne den nye motocrossbana i Florø offisielt opne laurdag.

Firda 9. jan 2006   Av: Keth Øren
PRØVEKØYRING: Adrian Skånevik Hjelle (8) susar av garde under prøvekøyring etter opninga. Mange av dei motorsport-frelste ungdommane i Florø har hjelpt til med å bere ut dekka på bana. Foto: Keth Øren
Papirarbeidet starta for tre år sidan, og det har vore ein ganske vanskeleg prosess. Vi har gått inn og ut av kontor, og møtt ein god del motstand, seier formann i Florø Motorsportklubb, Aslak Holmen.
SNORKLIPPING: Aslak Holmen i Florø Motorsportklubb erklærer motocrossbana i Florø for opna. Foto: Keth Øren
Den nye motocrossbana i Botnastranda er den første i sitt slag i Florø, og det betyr at vaksne, samt barn og ungdom på mindre motorsyklar og ATV-ar, no har ein plass der dei kan trene lovleg.
Motorsportklubben fekk endeleg låne ei tomt av hamn og næringsavdelinga i Flora kommune. Men låneavtalen er av den usikre sorten.
Ikkje permanent
– Vi kan bli nøydde til å flytte oss på kort varsel. Vi jobbar med alternativ, men har ikkje noko konkret område vi ser på akkurat no, seier Holmen.
Fleire har støtta prosjektet, og Holmen retta ei takk til kommunen, Florø MC–klubb og dugnadsgjengen i sin opningstale.
Bana har blitt til ved hjelp av dugnadsarbeid og velvillige sponsorar. I tillegg har motorsportklubben fått 4000 kroner i kulturstøtte. Eit hundretals personar hadde samla seg til den offisielle opninga av motocrossbana. Aslak Holmen stod for snorklippinga, og var etterpå den første til å køyre igjennom den 350 meter lange løypa saman med Kristoffer Kinn Kvamme.
Etterpå fekk også smårollingane prøve seg på bana dei sjølve har vore med å byggje.
KLAR BANE: Motocrossbana i Botnastranda er den første i sitt slag i Florø og er no endeleg klar til bruk. Kristoffer Kinn Kvamme fekk køyre igjennom løypa etter opninga på ein ATV på 400 kubikk. Foto: Keth Øren
Krevjande idrett
– Dette er ein uteidrett som er veldig krevjande, og det er god fysisk trening. Det er ikkje lengje ungane kan halde på før dei må slappe av, seier Holmen.
Dei unge får køyre ATV og tohjulingar på bana, såkalla knattecross. Sjølv om desse doningane er mindre, kan dei gå i 50 km/t, og born må køyre på godkjend bane og ha med følgje til dei er 16 år. Dei må også ha eigne lisensar for å køyre.
– Om lag 40 ungar er med, og ganske mange har vore flittige med å bere dekk til bana. Førebels har vi trening ein gong i veka, og det er mogleg å ta eindagslisensar, seier Holmen.
Gler seg til kappkøyring
Ivrig smågutar på motorsyklar var høgt opp under opnigna av motocrossbana laurdag. Mest av alt gler dei seg til å kappkøyre.
Ikkje uventa tykte gutane det var veldig kjekt å prøvekøyre den nye bana, og sjølv ikkje januarkulde la ein dempar på gleda.
MC-FRELSTE: Desse gutane tykte det var storvegs å få køyre på ei ordentleg motorcrossbane. No vil dei trene masse og målet er å verte profesjonelle motorsyklistar. Frå venstre: Hans-Inge Os (8), Adrian Skånevik Hjelle (8), Kim-André Sørgulen (8) og Oskar Os (6). Foto: Keth Øren
– Eg køyrde forbi alle unnateke to, seier Adrian Skånevik Hjelle (8) stolt.
Han og kameratane hadde gjerne lyst til å køyre fortare, og gler seg til kappkøyrings-konkurransane seinare.
– Kven har den beste motorsykkelen?
– Eg har den beste! ropar Adrian, som køyrer ein Suzuki.
– Nehehei! protesterer Christian Strømsøy, Hans-Inge Os, Kim-André Sørgulen og Oskar Os.
Men etterkvart blir dei snart samde om at Adrian sin motorsykkel har størst motor.
Alle gutane er også svært samde om at dei no skal trene mykje, kanskje 100 timar, og verte profesjonelle motorsyklistar når dei vert store.
– Eg skal ha meg ein hundrekubikkar, seier Kim-André Sørgulen (8).
– Kva er det beste motorsykkelmerket då?
– Yamaha! ropar gutane.
– Suzuki! ropar Adrian, og dermed er nok ein høglydt diskusjon i full gang
 
Les og ka Firdaposten skreiv

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  08 februar 2006