"Størst i fylket i motorsykkel"

Firmaet Motorshop A/S i Flor har i desse dagar drive i ett år. Det var i mars i fjor at Stein Magne Hegranes , Geir Gåsøy og Atle Jarl Trettevik gjekk saman om å starte ei forretning for sal og service til motor-interessert ungdom. I dag er dette den best utvikla motorsykkel forretninga i fylket.

FIRDAPOSTEN   24. mars 1981. 

I første etasjen er det spesialverkstad for motorsyklar. Trond Gåsøy har trekt i kjeledressen og skal til å sjå på den som står på benken. 

-- Vi veit i alle fall ikkje av at andre har selt fleire syklar og ytt større service på dette feltet i Sogn og Fjordane, fortel Hegranes som er daglig leiar i forretninga.  Motorshop er forhandlar av store og små motorsyklar, delar, diverse maskiner og ein del bilutstyr. Firmaet er autorisert forhandlar for Brigg & Stratton luftkjølte bensinmotorar og importerte også ein del motorsykkel deler og rekvisita direkte.  Dei er distriktsforhandlar for Honda, Kawasaki og Zundapp motorsyklar.

Lokala er hos skaflestad i Strandgata, verkstad i første høgda og forretning-utstillingslokala i andre.  Utadørs har dei laga til ei kjøyrebru for bilar så kundane kan utføre oljeskift og diverse service arbeide sjølve.

Dei tre reiser ein del i fylket og marknadsfører varene sine, og dei har agentar i Sogndal. Askvoll, Høyanger og endå eit par andre stader. Dei satsar også på nær kontakt med MC-klubbar og motormiljø og tilbyr tenestane sine.

Firmaet har satsa mykje pengar på spesialutstyr så dei kan yte god service. Og så er det lagt ned tusinvis av timar med gratisarbeidsinnsats for å få det heile i gang.

Rike er ingen blitt enno, men dei let vel over resultatet det første året. Det teknar til å bli ein bra butikk når dei får tid på seg. Til denne tid er det interessa som har drive verket.


Stein Magne Hegranes slenger seg opp på ein ny Honda og forklarer ein kunde nokre finessar

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 


Florø MC Klubb 
34 år.
1996 til 2010
 

Boks 272,  6901 Florø
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  13 februar 2010