Vellukka Pokerløp for Hammer

FLORØ: Det skein og blinka i krom og metall, og buldra og braka i utallige hestekrefter når Hammer MC inviterte til Poker run laurdag.

Firdaposten  2. mai  2002   Av: Linda Regina Bruvik


KROM OG METALL: Det blinka i krom og metall når Hammer MC inviterte til Poker run laurdag. (Alle foto: Linda Regina Bruvik)

30 motorsyklar var samla i strålande solskin utanfor klubblokalet til mc-klubben laurdag, i påvente av startskotet for Hammer MC sitt tredje årlege poker run. Her var mykje flotte kraftmaskiner å sjå, Ducati, Yamaha og Suzuki, og sjølvsagt opp til fleire eksemplar Harley Davidson.
Hammer MC bydde på vaflar, kake og kaffi både før og etter løpet, noko som laga ei sosial ramme rundt dei heile. Motorsykkelenturiastar i alle aldrar samla seg for å sjå eller bli sett, dei yngste i barnevogn og dei eldste på over 50 år.
Poker run
I eit Poker run køyrer syklane ei viss distanse, og stansar ved avtalte stader undervegs. Der får det utdelt kvar sitt spelekort, og til slutt har dei fem kort – ei pokerhand.
–Vinnaren av pokerløpet er ikkje den som kjem først i mål, men den som har den beste pokerhanda. Og når ein returnerar til klubbhuset er det mogleg å kjøpe seg nye kort, for 50 kroner stykket, seier Knut Einar Grønsberg i Hammer MC.
Løpet skulle eigentleg gå til Haukåa og Brudesløret, med på grunn av plutseleg vêromskifte og styrtregn gjekk turen berre til Grov og attende.
I år var det Kjell Atle Reksten frå Florø som stakk av med sigeren, etter å ha trukke seg ein flush. Han var med og grunnla Florø MC-klubb i 1976, og deltok i løpet med sin 68-modell Harley Davidson, som han har fiksa opp til strøken, original stand. Premien var heider, ære og gåvesjekk på eit oljeskift til sykkelen.
Ei god sak
Alle pengane klubben fekk inn på arrangementet går til Norsk luftambulanse, og Grønsberg fortel at dei har fått inn ein god slump med pengar.
–Eg reknar med at vi fekk inn i underkant av 10 000 kroner på arrangementet, og heile beløpet går til luftambulansen slik som i tidlegare år, seier han.

Linda Regina Bruvik
57 75 73 06
linda.bruvik@firdaposten.no


VINNAREN: Kjell Atle Reksten frå Florø MC klubb stakk av med seieren, etter å ha plukka seg ein flush. (Alle foto: Linda Regina Bruvik)

YNGSTE: Anna Halvorsen på 4 år var motorsykkelløpet sin yngste deltakar. (Alle foto: Linda Regina Bruvik)
[Les hva Firdaposten skriver før løpet]

 

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
34 år.
1976 til 2010

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  26 oktober 2010