Florø MC-klubb legg til rette for å ta sykkel-lappen i Florø:
Vil ikkje bli gubbeklubb

Plass til fleire: Florø MC-klubb går nye vegar for å sikre rekrutteringa i klubben - no vil dei legge til rette for å ta motorsykkelsertifikat i Florø. Og mc-interesserte er alltid velkomne, medlemmer eller ikkje. – Hos oss er det høgt under taket på alle måtar; alle slags syklar er velkomne, understrekar Dag Knapstad og Roy Boye Olsen.  Foto: Liv Standal
Firdaposten: 23.04.2015 av Liv Standal  liv.standal@firdaposten.no tlf: 992 94 623
FLORØ: – Det må vere mogleg å ta mc-lappeni sin eigen by! 
Det meiner iallfall Florø MC klubb, som har inngått eit samarbeid med Odden Trafikkskole i Førde.
Vil motverke forgubbing Det er mange år sidan sist ein kunne ta sertifikat for motorsykkel i Florø. Dag Knapstad, kasserer i mc-klubben, meiner det er for gale at ei i utgangspunktet høg rekning skal bli enno høgare av at folk må reise vekk. Dessutan er han klar på ein ser tendensar til forgubbing i klubben, sjølv om det blant dei 35 medlemmene finst folk i alle aldrar.
– Fleire av dei som var med og starta klubben i 1976, er framleis med. Det er ikkje tvil om at rekrutteringa har gått nedover på dei åra det ikkje har vore mogleg å ta lappen her i byen, erkjenner han.

Legg til rette
No forsøker dei å legge til rette for mc-interesserte i Florø ved å legge til rette for å gjere unna teori og det aller meste av køyring i heimbyen. – Vi ser for oss at teorikurset kan gjerast unna på ei helg, og at ein får moglegheit til å ta køyretimar på vekedagane. Så vil ein kanskje måtte ha ein siste time i Førde før oppkøyring,orienterer han. Når Firdaposten treff Knapstad og leiar Roy Boye Olsen, har det gått mindre enn eit døgn sidan tilbodet vart lansert, og sju påmeldingar har tikka inn i rask rekkefølge.

Oppstart i juni
Trafikklærar Jan Erik Odden synes det er eit godt initiativ. – Vi har hatt ein del frå Florø som har teke lappen her hos oss, så behovet er der, seier Odden. Han trur nok det blir juni før ein kjem i gang med teorien, for det er mange helgedagar knytte til maihelgane framover.

Knapstad og Olsen er ikkje vanskelege å be når dei blir bedne om å reklamere for klubben sin:

– Vi er i utgangspunktet ein touringklubb, det vil seie at vi reiser mykje på treff hos andre klubbar og på ferieturar med sykkelen. Vi har også tysdagsturar i nærområdet, fortel dei. Dei er også stolte av klubbhuset på Klavelandet og området der, som har vorte rusta mykje opp dei seinare åra og no omfattar både verkstad og gapahuk. – Det er berre å stikke innom, der er stort sett folk kvar helg.
 

Vi håpar på at folk skal like seg så godt at dei blir!

 

Er du interessert i å kunne ta MC lappen i Florø, så les mere detaljer her "MC Lappen i Florø"

 


Florø MC Klubb 
40år.
1976 til 2016
 

Boks 272,  6901 Florø
E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no
, Facebook:

Sist oppdatert av © FMCK  29 april 2016  

 

HISTORIKK

2016
2015
2014
  • Styret 2014
  • Flo og Fjøre messe
  • MC treff 2014
  • Dugnad på klubben
  • Sosialt samvær
  • Krabbefest
2013
2012
2011
2010
2009
2008
2007
 
2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 


Florø MC Klubb 
40år.
1976 til 2016
 

Boks 272,  6901 Florø
E-post: post@fmck.no , Hjemmeside: http//www.fmck.no
, Facebook:

Sist oppdatert av © FMCK  29 april 2016