Åge traff  -- rett i magen

FLORØ: BT.   Seksåringen så vel som bestemora.  Premieren på det nye showet på Florø stadion i går kveld vart ein folkefest, ein rockefest, eit sirkus.  Alt helt topp

Bergens Tidende, 1. juli 1985  Av: Bjarne Myrstad,  Foto: Oddleiv Apneseth


Åge spelar så sjølv sunnfjordingane rør på seg.
Foto: Dag Magne Knapstad 

Betre bevis finnes ikkje for at Åge Aleksandersen og Sambandet har ain apell på tvers av alle vanlege skiljeliner. Publikum i Florø i går, og det var nær 4000 av dei, for fortalde det.  Bystyresalen var likegodt representert som ungdomsklubben, som barnehagen, som sanitetsforeininga. 

Rett nok likar ikkje Åge Willock, men høgre-folk i Florø elskar Åge. Åge frdrar ikkje Palme, men sosialdemokratane i Florø flokkar seg om scena framfor Åge.  Og Fylkesbåtane -- Dei utsette siste ferjeavgang til Smørhamn.  Ferja går ikkje før 21.45, kunne Åge opplyse.   Åge og medspelarane stod på og jobba seg gjennom nummer for nummer, og responsen uteblei ikkje.  Klappande hender, dansande sunnfjordingar, huskande born på høge skuldrar.  Og borti bakken tok bestemødrene ein kvil for beina, lett br vrikkande på overkroppen.

Det kraftige musikkanlegget bar lyden vidt ut.  Mange Florø-folk hørde nok konserten frå  hagen heime.

-- Kona ville sitte på verandaen i år som i fjor, då sa eg at eg får gå å leva livet for meg sjølv, smilte ein bestefar.

-- Eg vedda 100 kroner med mamma på at eg skulle få autografen, jubla ein jentunge.  Ho slapp bak scena -- og ho åleine -- like før konserten starta.   Ho var ikkje den einaste som jubla i Florø i går kveld.  Åge er god som aldri før.  Arrangører i Florø var MC-klubben og Flora_Bremanger Sparebank.  Dei gjennomførte eit greit arrangement.

Sjå også andre stykke om konserten

 

 

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  12 februar 2010