Åge leverte ønskje-melodiane

FLORØ: Åleine med gitaren heldt Åge Aleksandersen i trubadurutgåve ønskjekonsert på Haavebua i Florø laurdag. 

    

Få, om nokon, andre norske artistar har ei lengre karriere og eit breiare repertoar å velje songar frå enn nettopp Åge Aleksandersen, og dei aller fleste songane bans står seg godt også i trubadurver­sjonen han presenterte dei i laurdag. 

Åge og fansen:  Åge Aleksandersen har ein stor og trufast tilhøyrarskare i Florø, og med småbord heilt inntil scena var det ein tett og intim atmosfære på Haavebua.
Likar seg best i Florø  
Florø er ein av dei stadene der Aleksandersen sjølv hev­dar at han likar seg aller best, og ban har framleis eit solid grep på publikum i byen. Arrangørane hadde sett ut småbord på dansegolvet på Haaavebua og med fult hus var det tett og triveleg atmosfære.  Åge tok imot musikkønske i frå publikum, og hitlåtane kom tett:   ”Akkurat no”, ”Min dag”, ”Stormen”, ”Fire pils og en pizza”, ”Norge mitt Noreg”, ”Flyg av sted” og sjølvsagt ”Lys og varme.”

Sterk allsong 
Likevel tok aldri konserten heilt av, for som Åge sjølv sa det: Det forundrar meg alltid at det over alt finst folk som betaler svindyre billettar for å gå på konsert og preike høgt sjølv. 
      Og åleine på scena har ikkje Aleksandersen tilstrek­keleg karisma til å nå heilt fram under slike tilhøve. Dessutan har den gamle Haavebua, trass i intimite­ten, både visuelt og lydmessig ein del manglar som konsertlokale.  

     Likevel:  Aleksandersen viste seg som ein dyktig tru­badur, og flyt på eit reperto­ar av kjende songar som andre norske artistar berre kan misunne han. Derfor vart det ekstranummer, og derfor runga allsongen sterkt og ofte under eit triveleg møte med superveteranen i norsk rock på Haavebua.

KNUT MAGNUSSEN 
knut.magnussen@firda no

Telefon 57 75 01 72

 

Se hva pressen skriver om Åges solo prosjekt:   

HISTORIKK

2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1991
1988
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1976

 

   
Florø MC Klubb  
30 år.
1996 til 2006

Boks 272,  6901 Florø, 
Tlf: 57744939,  E-post: post@fmck.no Hjemmeside: http//www.fmck.no

Sist oppdatert av © Linken  12 februar 2010